« Sporsugen hund! | HomePage | Spor og hundetreff. »

16.09.2007

Eg er frelst!

Nåja... Frelst høyrest kanskje litt dramatisk ut, men det er verkeleg morosamt å gå spor! I dag fekk Tinka gå tre spor, det siste sporet kommanderte eg sjølv kvar sporleggaren skulle gå, slik at eg fekk litt trening på det også, sånn til seinare liksom.

Alle spora var 150-200 meter lange og hadde to vinklar. På to av dei gjekk eg frå sporstart eit stykke før vi gjekk tilbake til sporstart. Det var ikkje noko problem, ho tok det heilt automatisk. Som leke i enden hadde eg i dag ein sokk med eit par pølsebitar oppi. Det var det heldigvis greitt å kampe litt med, men eg må definitivt få opp gjenstandsinteressen hennar litt. Nokre tips, nokon?

Photobucket - Video and Image Hosting

Photobucket - Video and Image Hosting

Photobucket - Video and Image Hosting

Photobucket - Video and Image Hosting

Photobucket - Video and Image Hosting

Photobucket - Video and Image Hosting

Photobucket - Video and Image Hosting

For å komme ordentleg i gang avtalte vi å ha ein sportrening i morgon også. Då skal eg ha eit spor på ca 200 meter med to vinklar, også skal eg vente ca fem minuttar før eg lar Tinka få gå sporet. Så får vi se korleis det går før eg bestemmer meg for korleis det neste sporet skal vere.

Ingvild.

16:31 Permalink | Comments (0) | Email this